
Kontaktdetaljer
Vie andelslandbruk
Vie
6812 Førde
E-post: vie.andelslandbruk@gmail.com
Tlf.: Styreleiar Kjetil Simonsen 41567356 eller dagleg leiar Marit Bendz 91141457
​
Vie Andelslandbruk SA har kring 50 medlemmer. Vi leiger kring 4 mål jord hos Sjur Wie på Vie i Førde, vest for juletreskogen. Vie Andelslandbruk vert drive etter økologiske prinsipp. Vi kan tilby ureist og sunn mat, nye vener, frisk luft, ei og anna vassblemme og nærleik til naturen. Vi dyrkar potet, gulrot, jordskokk, pastinakk, mange typar kål, beter, lauk, urter og salatar. I fjor hadde vi kring 70 ulike sortar. Etter ein fantastisk sesong i fjor, går vi vidare med eige drivhus, til oppal av eigne plantar og for grønsaker som treng ekstra varme.
KVA KOSTAR DET Å VÆRE MEDLEM?
Ein andel (eingongssum) koster kr. 600.-, da er du medlem på livstid.
​
Deltaking i dyrking/hausting sesongen 2025 er delt inn i to kategoriar:
1. Stor andel koster kr. 3 400 + minimum 20 dugnadstimar
2. Liten andel kostar kr. 1 700 + minimum 10 dugnadstimar
Betal til kontonr: 3705.30.97309 Vie Andelslandbruk. Bruk av vipps: 536704: legg til vippsgebyr kr.60,-/30,- i forhold til heil eller halv andel, frist for innmelding er 1. Mai. Merk med navn og andelstype.
Når du har betalt, ber du om å bli medlem på Facebook: «Medlemsside for Vie andelslandbruk» og send oss ein epost så vi kan legge deg inn på epostlista vår.
​