Om Vie andelslandbruk
Andelslandbruk (CSA – Community Supported Agriculture) er ei form for direkte omsetting og dialog mellom gardeigar og forbrukarar. Kjerna i ordninga er at forbrukarar kjøper andelar av produksjonen på garden, til dømes for eitt år om gongen, og deler derfor risikoen for årsvariasjonar i avlingane.
​
Det finst ei rekkje former for omsetting av landbruksprodukt; Alt frå den "tradisjonelle" bulkproduksjonen gjennom store foredlingsbedrifter, der varene hamnar i butikkhyllene og kjennskapen til produsenten bak er uråd å oppdage – til dei meir lokale omsettingsformene, der kontakt mellom bonde/produsent og forbrukaren er merkbart tilstades.
I 2013 var det registrerte 5 etablerte andelslandbruk i Norge. Talet har
auka volsomt, i 2025 er det registrert omlag 100 andelslandbruk.
Vie Andelslandbruk er det første i Sogn og Fjordane,,det vart etablert i 2016.




